Eg vil bu i skuggelandet
der varmen kan nå meg,
men ikkje sola;
ikkje det skarpe ljoset
som er ein kniv
for auge, sinn og tanke.
Men varmen vil eg kjenne,
den lune kjensla
i hjartet mitt,
det varlege draget
av ei hand,
eit kjærteikn
mot kroppen.
Eg trivst nok best i skuggen,
der sola ikkje når heilt inn,
der andlet og auge er skjerma,
der eg kan sjå,
men ikkje vert sett.
Nils-Petter Enstad
7. april 2021 - renskrevet etter gamle notater
tirsdag 6. april 2021
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar