tirsdag 6. april 2021

På leit

Eg skriv som i blinde,
på leit etter orda,
på leit etter tanken,
på leit etter livet,
på leit etter kjensla,
ei kjensle eg vågar
å kviskre i rommet
og gjere til mi.

Nils-Petter Enstad
Renskrevet etter gamle notater, 7. april 2021

Å bu i skuggelandet

Eg vil bu i skuggelandet
der varmen kan nå meg,
men ikkje sola;
ikkje det skarpe ljoset
som er ein kniv
for auge, sinn og tanke.

Men varmen vil eg kjenne,
den lune kjensla
i hjartet mitt,
det varlege draget
av ei hand,
eit kjærteikn
mot kroppen.

Eg trivst nok best i skuggen,
der sola ikkje når heilt inn,
der andlet og auge er skjerma,
der eg kan sjå,
men ikkje vert sett.
Nils-Petter Enstad
7. april 2021 - renskrevet etter gamle notater