lørdag 14. juni 2008

BANKANDE HJARTE

Du vesle fugl
som har falt frå reiret
før du hadde lært å fly:

Eg set deg
litt unna vegen
så eg ikkje kjøyrer
eller trakker
på deg.

Skulle eg berre gjort slutt
på den frykt
eg ser
du kjenner?

Ein tek ikkje livet
frå eit hjarte
som har banka
mot fingertuppane mine.

Då heller frykten.
Då heller vona.

torsdag 12. juni 2008

FJØR

Eg fann
nokre fjør på plenen
då eg kom heim frå jobb.

Her har det vore
ein kamp på kniven
mellom ein katt
og ein fugl.

Eg voner berre
det ikkje er erla
som alltid kjem
når eg slår gras
som har enda
i kattemagen.

SLIKT SKJER

Eg kom ut til mitt gule hus.
Der fann eg kun to døde mus.

No kviler dei i snøens famn
som mat for katt og rev og ramn.

onsdag 4. juni 2008

DIKT I TIDER SOM DESSE

DIKT I TIDER SOM DESSE
Kan ein skrive dikt
i tider som desse?
I tider med uro,
i tider med krig.
I tider då jorda kveler seg sjølv
i fråsting og liv over evne?

Svik og bedrag
sårar kvarandre.

Når skulle ein vel skrive dikt
om ikkje i tider som desse?


EIN STÅPLASS
Eg ber ikkje om anna
enn ein ståplass i ditt hjarte.
Ein ståplass i din tanke,
ein krok eg kallar min.
Eg krev det ikkje frå deg,
men voner i det lengste.
Ein ståplass i ditt hjerte,
litt merksemd no og då.


IKKJE SÅ NØYE MED HIMLEN
Det er’kje så nøye med himlen,
med gater av gull og det der.
Og portar av perle – kva skal eg med dei?
Eg ser ikkje slikt, er eg der.


SOL UTAN VARME
Sol utan varme
Ljos utan liv
Ein ring av is
kring det ein skulle tru
var ei kjerne av eld