søndag 17. februar 2008

DU KAN SYNE HAN HENDENE DINE

Du kan syne han hendene dine.
Merkte av slit,
av arbeid og sut,
av liv som er levd,
av ansvar du tok.

Du kan syne han hendene dine,
og kjenne kor varmt han held kring dei.

Du kan syne han augo dine.
Augo som ofte rann over
når tårene strøymde,
i glede og sorg
over alt som du såg
og alt det du røynde i livet.

Du kan syne han augo dine,
og kjenne hans hand på ditt kinn.

Diktarpresten Anders Hovden vitja ein gong ei gamal kone som grudde seg for kva ho skulle syne Frelsaren når ho møtte han. Ho hadde hatt åtte born, og slite heile livet på ein liten gard. Det hadde vorte lite tid til anna. – Kva kan vel eg syne Meisteren? spurde ho presten. – Du kan syne han hendene dine, svara Hovden.
Det svaret er bakgrunnen for dette diktet.
Nils-Petter Enstad

DEI VERKELEGE ORDA - Dikt av Nils-Petter Enstad

DELE EINSEMD
Vil du dele einsemd med meg?

Sitje i same rommet,
ikkje tale, ikkje teie,
berre være der i lag?
Vil du dele einsemd med meg?

Vil du dele smerte med meg?

Dele same kunnskap?
Ikkje trøyste, ikkje refse,
berre være der i lag?
Vil du dele smerte med meg?

Vil du dele røynsle med meg?

Dele same glede?
Same lått og same song,
same tone, same lukke?
Vil du dele røynsle med meg?

EIT LUKKA ROM
Det finst eit lukka rom,
det ligg heilt inst i gangen.
Det finst ei attstengd dør
der nykjelen er borte.

Der inne ligg ei bok
med skrift på alle blad.
Eit ord – og heile soger,
ein setning og eit dikt.

I millo alle blada
ligg teikningar og bilder
av menneskjer eg møtte,
av folk eg aldrig såg.

Det finst ei lukka bok,
ein penn som heilt har torka.

Det finst ei tagal verd,
ei kjelde som har storkna.

Her finst dei, alle orda
som aldri nokon sa.

EIN VEG SOM FØRER INGEN STAD
Ein veg som fører ingen stad,
som berre ender – Gud vet kor
med ope landskap og ein stokk
der vandraren kan kvile.

DET KJEM EIN DAG
Det kjem ein dag
då alle ord er sagt
og alle tankar tenkt
og alt er skrive ned.

Det kjem ein dag
då alle spørsmål er stilte,
og alle svar er gjevne.

Det kjem ein dag
då kvar tone har lydt
og alle songar er kvedne,
då kvar bøn er bedt,
og orda ikkje finst.

Den dagen
vil eg sette meg ned
og lytte
etter dei verkelege orda.

KVAR GONG
Kvar gong du smiler
til meg eller andre,
får eg eit dikt,
ei vise,
ein song.

Skriv eg det ned
vert det aldri
like godt som smilet ditt.

Ikkje så vakkert,
ikkje så varmt.

Men nokre gonger
liknar det.

EIT LEDIG ROM
Eg har eit ledig rom.
Det står tomt,
og eg veit ikkje kva
eg skal ha der.

Kan hende hadde eg trudd
det kunne vera ditt.
Ein fristad
i tunge stunder.

Rommet er tomt,
men eg tenkte
eg kunne henge
bilde av deg på veggen.