søndag 21. august 2011

Dikt i tider som desse

Kan ein skrive dikt
i tider som desse?
I tider med uro,
i tider med krig.

I tider då jorda kveler seg sjølv
i fråsting og liv over evne?

I ei tid der det onde
får eit ansikt og eit namn?


Når skulle ein vel skrive dikt
om ikkje i tider som desse?

Funne fram igjen etter 22. juli 2011

Ingen kommentarer: