lørdag 14. juni 2008

BANKANDE HJARTE

Du vesle fugl
som har falt frå reiret
før du hadde lært å fly:

Eg set deg
litt unna vegen
så eg ikkje kjøyrer
eller trakker
på deg.

Skulle eg berre gjort slutt
på den frykt
eg ser
du kjenner?

Ein tek ikkje livet
frå eit hjarte
som har banka
mot fingertuppane mine.

Då heller frykten.
Då heller vona.

Ingen kommentarer: